torsdag 5. november 2015

Røyking

Røyking

Når mi mormor og  min morfar var ungdommar fantes det ikkje noko informasjon om at røyking var farleg.  Det var lov å reklamera for røyk. På reklamar vert modellar framstilt som sunne og vellukka med ein røyk i handa. På den tida var du ein av dei kule dersom ein røykte. 


Bilde har eg funne HER

Det fantes ikkje så mykje kunnskap om røyk den gong,  som det me har i dag.  Den gongen visste ikkje folk kva skadar røyken kunne gjera med kroppen deira.  Lite kunnskap om kor skadeleg røyken kunne vera kan vera ein grunn til at det var populært og kult å røykja. På den tida visste dei for eksempel ikkje at ein kunne få lungesjukdommar av å røykja, og større sjanse for og få kreft. Eg tenkjar at ein årsak til at handlingane til røyk har endra seg er at no finns det mykje meir kunnskap om kor skadeleg det er med røyk.

Det var også heilt normalt og røyke innandørs heima, på resturanter, kafear og barar på den tida. Men etter kvart som me fekk veta meir kva som skjer når en røyker, og kor skadeleg røyken kunne vera, kom ei ny lov om at det ikkje skal vere lov og røyke innadørs. Loven vart innført i håp om at fleire folk skulle slutta å røyke. No er røykelova veldig streng. Det er ikkje lov å røyka på offentlege stadar og nokre stadar er det heller ikkje lov å røyka når ein er på jobb. For eksempel dei som jobbar på sjukehus og skular. 
Det at lova om røyking er ein annan årsak til at haldningane til røyk har endra seg. 


Bilete har eg funne HER


Sjølv om ein ikkje røykjar kan ein verta utsett for passiv røyking. Det skjer dersom ein er i nærleiken av nokon som røykar og pustar inn luft med røyk, dette kan og vera skadeleg i store mengder. 









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar