Rus og psykisk helse
I dei neste vekene
på skulen er tema rus og psykisk helse. Dette kjem til å vera tema i fleire fag,
som samfunnsfag, norsk, naturfag og KRLE. Når ein høyrer ordet alkohol kan det
vera at dei fleste tenkjar på, øl, vin og brennevin, sjølv om ein og kan finna
alkohol i for eksempel bensin, kosmetikk, etterbarberingsvatn, lim og
raudsprit. Eg skal skrive litt om
alkohol som rusmiddel, å ta for meg negative sidar med alkohol og kvifor nokre
skadar det kan gjera med kroppen vår. Eg vil og skriva om kva som skjer når ein
drikk for mykje alkohol og konsekvensar
av det. Kva kan for eksempel skje med
eit foster dersom ein drikk og røykjar under svangerskapet?
Alkohol er eit
rus framkallande stoff, felles for alle dei rusframkallande stoffa, er at dei
inneheld etanol (Ekeland, s. 72). Når ein drikk alkohol, skjer det mykje med
kroppen, for eksempel om ein drikk for mykje, kan ein få dårleg hukommelse,
påverke sjølvtilliten og hormona vert forsterka. Ein kan reagera sterk på
kjensler i kroppen, med å verta veldig sint eller sur (Ekeland, s.74). Ein kan
og verta dårligare til å ta avgjersler. Difor
er det ei lov i Noreg som seier at det minste ein kan ha i promille når man
kjører bil er 0,2. Dersom ein køyrar bil med promille i blodet, kan ein vera
til skade både for seg sjølve og andre.
![]() |
Bilete har eg funne HER |
For mykje
alkohol er svært skadeleg for kroppen. Det
finnes 60 sjukdommar som kan koma av for mykje inntak og misbruk av
alkohol (Ekeland, s. 76). Man kan få skrumplever, som vil seia at levera har
mista evna til å gjere oppgåvene sine. Ein
kan få betennelse i bukspyttkjertelen. Ein kan få skade på nervesystemet, som
svekkja balanse og hukommelse. Dersom ein misbrukar alkohol kan ein få dårlegare
immunforsvar.
Dersom ei gravid
kvinne tek til å drikke alkohol, kjem alkoholen i blodet til fosteret og det
gjer at fosteret får same promillen som mora. Alkoholinntaket til mora kan vera
svært skadeleg for fosteret, sjølv om mora har eit moderat alkoholinntak (
Ekeland, s.72). Dei skadane som fosteret får dersom mora drikker alkohol i
svangerskapet er at utviklinga kan verta forseinka på fleire områder. Dei kan
få lærevanskar og konsentrasjonsvanskar, og dei kan fungera dårleg sosialt. Det
er difor styresmaktene gjer gravide råd om å ikkje drikka under svangerskapet.
![]() |
Bilete har eg funne HER |
Alkohollova i
Noreg seier at ein må ver 18 år for og kjøpe øl og vin, og 20 år for å kjøpa
brennevin (Ekeland ,s.74). Gjennomsnittsalderen for dei som prøvar vin og
brennevin for første gong er 14,5 år. Av desse er det nokon som berra smakar,
mens andre byrjar å drikka saman med å venar, på for eksempel heimefestar.
Andre igjen kan ta eit standpunkt at dei ynskjer å halde seg vekke i frå
alkohol.
Ein kan nyta
alkohol og ein kan misbruka alkohol og verta bunden. Dess tidligare ein startar med å drikka, desto
større er risikoen for og verta bunden. Den som har vorte bunden kan blant anna
få abstinenssymtom som angst,
skjelvetokter, hjerteklapp og søvnproblem.
Kjelder:
·
Ekeland, Per
Roar, Tellus 9, Aschehoug, 2007
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar