torsdag 5. november 2015

Røyking

Røyking

Når mi mormor og  min morfar var ungdommar fantes det ikkje noko informasjon om at røyking var farleg.  Det var lov å reklamera for røyk. På reklamar vert modellar framstilt som sunne og vellukka med ein røyk i handa. På den tida var du ein av dei kule dersom ein røykte. 


Bilde har eg funne HER

Det fantes ikkje så mykje kunnskap om røyk den gong,  som det me har i dag.  Den gongen visste ikkje folk kva skadar røyken kunne gjera med kroppen deira.  Lite kunnskap om kor skadeleg røyken kunne vera kan vera ein grunn til at det var populært og kult å røykja. På den tida visste dei for eksempel ikkje at ein kunne få lungesjukdommar av å røykja, og større sjanse for og få kreft. Eg tenkjar at ein årsak til at handlingane til røyk har endra seg er at no finns det mykje meir kunnskap om kor skadeleg det er med røyk.

Det var også heilt normalt og røyke innandørs heima, på resturanter, kafear og barar på den tida. Men etter kvart som me fekk veta meir kva som skjer når en røyker, og kor skadeleg røyken kunne vera, kom ei ny lov om at det ikkje skal vere lov og røyke innadørs. Loven vart innført i håp om at fleire folk skulle slutta å røyke. No er røykelova veldig streng. Det er ikkje lov å røyka på offentlege stadar og nokre stadar er det heller ikkje lov å røyka når ein er på jobb. For eksempel dei som jobbar på sjukehus og skular. 
Det at lova om røyking er ein annan årsak til at haldningane til røyk har endra seg. 


Bilete har eg funne HER


Sjølv om ein ikkje røykjar kan ein verta utsett for passiv røyking. Det skjer dersom ein er i nærleiken av nokon som røykar og pustar inn luft med røyk, dette kan og vera skadeleg i store mengder. 









Rus og psykisk helse

Rus og psykisk helse

I dei neste vekene på skulen er tema rus og psykisk helse. Dette kjem til å vera tema i fleire fag, som samfunnsfag, norsk, naturfag og KRLE. Når ein høyrer ordet alkohol kan det vera at dei fleste tenkjar på, øl, vin og brennevin, sjølv om ein og kan finna alkohol i for eksempel bensin, kosmetikk, etterbarberingsvatn, lim og raudsprit.  Eg skal skrive litt om alkohol som rusmiddel, å ta for meg negative sidar med alkohol og kvifor nokre skadar det kan gjera med kroppen vår. Eg vil og skriva om kva som skjer når ein  drikk for mykje alkohol og konsekvensar av det. Kva  kan for eksempel skje med eit foster dersom ein drikk og røykjar under svangerskapet?

Alkohol er eit rus framkallande stoff, felles for alle dei rusframkallande stoffa, er at dei inneheld etanol (Ekeland, s. 72). Når ein drikk alkohol, skjer det mykje med kroppen, for eksempel om ein drikk for mykje, kan ein få dårleg hukommelse, påverke sjølvtilliten og hormona vert forsterka. Ein kan reagera sterk på kjensler i kroppen, med å verta veldig sint eller sur (Ekeland, s.74). Ein kan og verta dårligare til å  ta avgjersler. Difor er det ei lov i Noreg som seier at det minste ein kan ha i promille når man kjører bil er 0,2. Dersom ein køyrar bil med promille i blodet, kan ein vera til skade både for seg sjølve og andre.

Bilete har eg funne HER


For mykje alkohol er svært skadeleg for kroppen. Det  finnes 60 sjukdommar som kan koma av for mykje inntak og misbruk av alkohol (Ekeland, s. 76). Man kan få skrumplever, som vil seia at levera har mista evna til  å gjere oppgåvene sine. Ein kan få betennelse i bukspyttkjertelen. Ein kan få skade på nervesystemet, som svekkja balanse og hukommelse. Dersom ein misbrukar alkohol kan ein få dårlegare immunforsvar.

Dersom ei gravid kvinne tek til å drikke alkohol, kjem alkoholen i blodet til fosteret og det gjer at fosteret får same promillen som mora. Alkoholinntaket til mora kan vera svært skadeleg for fosteret, sjølv om mora har eit moderat alkoholinntak ( Ekeland, s.72). Dei skadane som fosteret får dersom mora drikker alkohol i svangerskapet er at utviklinga kan verta forseinka på fleire områder. Dei kan få lærevanskar og konsentrasjonsvanskar, og dei kan fungera dårleg sosialt. Det er difor styresmaktene gjer gravide råd om å ikkje drikka under svangerskapet.


Bilete har eg funne HER

Alkohollova i Noreg seier at ein må ver 18 år for og kjøpe øl og vin, og 20 år for å kjøpa brennevin (Ekeland ,s.74). Gjennomsnittsalderen for dei som prøvar vin og brennevin for første gong er 14,5 år. Av desse er det nokon som berra smakar, mens andre byrjar å drikka saman med å venar, på for eksempel heimefestar. Andre igjen kan ta eit standpunkt at dei ynskjer å halde seg vekke i frå alkohol.

Ein kan nyta alkohol og ein kan misbruka alkohol og verta bunden.  Dess tidligare ein startar med å drikka, desto større er risikoen for og verta bunden. Den som har vorte bunden kan blant anna få abstinenssymtom  som angst, skjelvetokter, hjerteklapp og søvnproblem.

Kjelder: 
·         Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehoug, 2007

tirsdag 3. november 2015

Ungdom og kropp

Ungdom og kropp

Nå skal eg skrive om ungdom og kropp. Eg skal skriva om  kva ungdom  gjer for å  verta nøgde med korleis dei ser ut. Mange ungdommar er oppteken av korleis dei ser ut og om dei har fin nok kropp eller for tynn kropp. Generelt er det veldig mange ungdommar som bryr seg om akkurat dette og korleis dei kan fikse på eigen kropp. Enten slankar ein seg kraftig eller byggjar ein svære musklar og nokre er veldig opptekne av kosthald og kva dei et.

Mange gutar trener på treningsstudio og pumper jern for og byggja større musklar, dette gjer dei for å verta nøgde me utsjånaden deira. Normal mengde trening er normalt. Men det er ikkje bra at dette tar over kvardagen deira og at dette er det viktigaste for dei. Og dette kan føra til at dei kanskje for magerksi og dette er ein sjukdom der du ikkje kan få nok musklar, denne sjukdommen er mest normal hos gutar tenkjer eg. Og det som er farleg med magerksi er at ein kan byrja med anabole steroid og dopingmidlar. Desse stoffa er svært skadelege for kroppen.

Bilete har eg funne HER
Det er mange som ikkje er nøgd med eige utsjånad. Hjå  jenter er det meir normalt og sjå opp til dei som er tynne og har fin kropp og utsjånad. Ein får eit ynskje om å vera lik dei. Ete forstyrringar som anoreksi og bulimi, er mest vanleg blant jenter men det eg også mange gutar som lir av eteforstyrringar. I Noreg er det Ca 100 00 person som har anoreksi. Anoreksikarane kan ikje verta tynne nok.

Bilete har eg funne HER

Når det gjeld kosmetiske opperasjoner har legevitenskapen  komen langt. For menneskjer som synest deira utsjånad er feil ,kan nokre kjenna at einaste utveg er ta ein operasjon. Det kan vera for å få større lepper, rette nase, større bryst eller sprøyte inn botox. Kva skjer eigentleg når eit vanlege menneske gjer slik, folk på tv seier at ein skal bli så mykje lykkeligare då men blir vi eigentleg det?

Det eg tenkjer etter og ha lest denne teksten, er at det er mange som er misfornøgde med kroppen sin. Det tykjar eg er trist, fordi dei perfekte personane og kroppane i media i visar ikkje eit rett bilete av korleis me menneskjer ser ut. Me menneskjer kjem i ulike storleikar og fasongar. Eg tykjar at me heller skal vera meir opptekne av personleg heit. For eg vel ikkje mine venar utifrå korleis dei ser ut. Eg vel mine venar utifrå kor greie dei er å vera i samen med. Utsjånad har eigentleg veldig lite å seia.

Bilete har eg funne HER