Røyking
Når mi mormor og
min morfar var ungdommar fantes det ikkje noko informasjon om at røyking
var farleg. Det var lov å reklamera for
røyk. På reklamar vert modellar framstilt som sunne og vellukka med ein røyk i
handa. På den tida var du ein av dei kule dersom ein røykte.
![]() |
Bilde har eg funne HER |
Det fantes ikkje så mykje kunnskap om røyk den
gong, som det me har i dag. Den gongen visste ikkje folk kva skadar
røyken kunne gjera med kroppen deira.
Lite kunnskap om kor skadeleg røyken kunne vera kan vera ein grunn til
at det var populært og kult å røykja. På den tida visste dei for eksempel ikkje
at ein kunne få lungesjukdommar av å røykja, og større sjanse for og få kreft. Eg tenkjar at ein årsak til at handlingane til røyk har endra seg er at no finns det mykje meir kunnskap om kor skadeleg det er med røyk.
Det var også heilt normalt og røyke innandørs heima,
på resturanter, kafear og barar på den tida. Men etter kvart som me fekk veta
meir kva som skjer når en røyker, og kor skadeleg røyken kunne vera, kom ei ny
lov om at det ikkje skal vere lov og røyke innadørs. Loven vart innført i håp
om at fleire folk skulle slutta å røyke. No er røykelova veldig streng. Det er
ikkje lov å røyka på offentlege stadar og nokre stadar er det heller ikkje lov
å røyka når ein er på jobb. For eksempel dei som jobbar på sjukehus og skular.
Det at lova om røyking er ein annan årsak til at haldningane til røyk har endra seg.
Det at lova om røyking er ein annan årsak til at haldningane til røyk har endra seg.
![]() |
Bilete har eg funne HER |
Sjølv om ein ikkje røykjar kan ein verta utsett for
passiv røyking. Det skjer dersom ein er i nærleiken av nokon som røykar og
pustar inn luft med røyk, dette kan og vera skadeleg i store mengder.