onsdag 28. oktober 2015

Klassemiljø

Klasemiljø


Alle i ein klasse er ansvarlege for eit godt klassemiljø. Det hjelper lite om det berre er nokon få i ein klasse som prøvar å ta ansvar for eit godt klassemiljø. I ein klasse må alle gjera ein innsats for at alle skal trivast. Kva tenkjar eg med innsats? Då tenkjar eg at alle må vera greie med kvarandre. Ein ting som er viktig for eit godt klassemiljø er at alle seier god morgon og hei til kvarandre. For at alle skal føle at dei høyrer til i klassen er det og viktig at alle snakkar med alle, ikkje berre dei ein pleiar å snakka med til vanleg. Ein annan ting eg tykjar er kjekt, er når me gjer noko kjekt i saman for eksempel reisa på tur. Då vert ein kjend med klassen på ein annan måte.

Bilete har eg funne HER

Det er viktig å ha respekt for kvarandre, og ikkje minst lærarane. Om ein lærar står å snakkar så må me høyra etter, og dersom me lurar på noko eller vil sei noko må ein rekke opp handa, ikkje bare skrike det ut, alle må få ein sjans til å svare.


Bilete har eg funne HER


Eg tykjar at det er viktig at alle skal kjenna seg velkommen i sin eigen klasse. Alle skal kjenna seg trygg. Eg tykjar ikkje det er greitt at folk ikkje kjennar seg komfortable og tatt imot i sin egen klasse. Ein ting som kan vera med å bidra til eit godt klassemiljø er at klassen kan laga klassereglar. Desse reglane kan hengja ein stad i klasserommet slik at alle vert minna på kva som er reglane i klassen.
Det kan vera at nokon ikkje trivst klassen sin.  Ein årsak til det kan vera at dei ikkje prøvar eller gidd å verta ein del av klassen heller. Då er det viktig at me andre i klassen prøvar å sjå litt etter om alle trivst i klassen. Då kan me for eksempel passa på alle har nokon å vera med, å prøva å få dei med om dei er åleine.  

Mens det er andre som liker klassen sin kjempegodt, og kjenner alle og snakkar me alle. Eg tykjar at klassemiljøet er godt i min klasse. Dersom ein trivs godt i ein klasse er det mykje lettare å læra noko. Trivsel gjer at me er trygge når me for eksempel skal ha framføring. Eg er glad for å gå å i 9cd, der har me det godt.

4 kommentarer:

  1. Mange gode innspel, Elen! Sjekk desse orda, og rediger i teksten: vær, gjære, jille, me. Dette er dialektord. Bruk nynorskordboka.no for å finne ut korleis dei skal skrivast :)

    SvarSlett
  2. Dette var veldig bra skrevet og eg lærte mykkje av og lese dette!

    SvarSlett